Høyring forslag til planstrategi for Lesja kommune 2020-2024

Formannskapet i Lesja kommune har i sak 31/20 behandla forslag til kommunal planstrategi den 22.10.2020 og gjort følgjande vedtak:

Med heimel i plan- og bygningslova § 10–1 blir forslag til kommunal planstrategi for Lesja 2020 – 2024 lagt ut til offentleg ettersyn i 30 dagar.

Planstrategien gjer greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar, og prioriterer kva for kommunale planar og strategiar som skal utarbeidas og reviderast i perioden.

Merknader og innspel kan sendas til Lesja kommune, postboks 53, 2671 Lesja, eller på e-post; postmottak@lesja.kommune.no. Frist for å komme med uttale er sett til 30.november 2020.

Forslag til planstrategi og saksutgreiing ligg vedlagt. For meir informasjon ligg saksdokumenta under høyringar på www.lesja.kommune.no

For spørsmål i saka kan planleggar Svanborg kontaktast; marit.svanborg@lesja.kommune.no

Kontakt

Marit Svanborg
Leder forvaltningsavdeling / planlegger
Telefon 909 20 323
Mobil 909 20 323