Høyring av planprogram kommunedelplan for naturmangfald - Lesja kommune

Lesja kommune varslar planoppstart og legger forslag til planprogram for kommunedelplan for naturmangfald ut på høyring og offentleg ettersyn.
Her finn du politisk behandling og det vedtekne forslaget til planprogram.  (PDF, 3 MB)

Lesja kommunestyret vedtok den 11.02.21 i sak 2021/2 følgjande:

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-13 og § 4-1 melda det om oppstart av plan og  planprogrammet for kommunedelplan for naturmangfald vert lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Planprogrammet beskriver formålet med planarbeidet, viktige problemstillingar, planprosessen og opplegg for medverknad.

Kommunedelplan for naturmangfald skal gje rammer for å ivareta naturmangfaldet i kommunen. Planen vil styrke kunnskapsgrunnlaget for politiske og administrative avgjersle i kommunen, skape forutsigbarheit for forvaltninga, grunneigar, utbyggarar og vere eit reiskap for å synleggjere naturmangfald som ein ressurs for kommunen.

Forslag til planprogram vil være tilgjengelig på kommunens heimeside, www.lesja.kommune.no.

Høyringsperiode: 18.02.21 – 06.04.21.

Merknader og innspel til planprogrammet sendes Lesja kommune på e-post: postmottak@lesja.kommune.no, eller til Lesja kommune, Postboks 53, 2671 Lesja.

Spørsmål om planprogrammet kan rettast til plan og miljørådgjevar Sigurd Vie Alme, tlf. 948 75 433, eller e-post, sigurd.alme@lesja.kommune.no

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgjevar
Telefon 948 75 433
Mobil 948 75 433