Forhandsstemming i Lesja frå 12. august til 6. september

Klikk for stort bilde

 

Måndag 9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval.
Dersom du ønskjer det, kan du stemme på forhand. Du kan forhandsstemme i den kommunen du sjølv
ønskjer. Her finn du alle forhandsstemmelokala: www.valg.no/valglokaler. Dersom du forhandsstemmer i
ein anna kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå
fram til den rette kommunen innan 10. september.
Ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å forhandsstemme. Viss stemmemottakaren ikkje
kjenner deg, vil du elles ikkje få stemme. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det óg, sjølv om
det ikkje er noko krav for å få forhandsstemme.
Viss du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med heimkommunen din.
Veljarar som bur i institusjon kan forhandsstemme på institusjonane nemnde i oversikta nedanfor.

I ekspedisjonen på kommunehuset kan du forhandsstemme alle kvardagar mellom klokka 9:00 og klokka 14:00 frå 12. august og til og med 6. september 2019, og i tillegg laurdag 31.8. kl 12:00 - 15:00.

Lesjaskog skule kan du forhandsstemme frå 12. august til og med 6. september 2019 i skulens opningstid.


Det er óg mogleg å stemme på føljande stader og tidspunkt:
Lesja sjukeheim:
tysdag 3.9. kl 09:30 - 11:00

Lesjatun:
tysdag 3.9. kl 11:00 - 12:00

Eldres senter:
tysdag 3.9. kl 13:30 - 15:00

Lesjaskog handelsforening:
laurdag 24.8. kl 12:00 - 15:00

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent
Mobil 900 95 301