Løysing for sjølvbetjening på legekontoret

Nytt journalsystem er tatt i bruk og legeportalen med til dømes besøklegen er ikkje lenger i bruk. Nye digitale tenester (eDialog) finn du på helsenorge.no

På websida til Lesja legekontor er det no ein ny knapp som heiter Sjølvbetjening. Den går rett til helsenorge.no der du må logge deg inn for å få tilgang til våre tenester. Her kan du bestille time, fornye reseptar, ta kontakt med fastlegen din, sjekke kjernejournalen din, sjå kva medisinar du har aktiv resept på og mykje meir.

eDialog-tenester

Når du loggar inn får du tilgang på tenester som hjelp deg å følgje opp eiga helse. Sjå gjerne vår rettleiar under for å komme i gang.