Tidligare i sommar vart det lagt ut utlysning for utbygging av breiband i fleire områder i Nord-Gudbrandsdalen. Lesja kommune la ut eitt prosjekt. Området vert bygd ut med offentleg støtte frå stat, fylkeskommunen og kommunen saman med avgifta for tilkopling frå innbyggjarane. Avgifta er som i alle tidlegare breibandprosjekt på kr 10 000.
Frist for utbyggjarane for å levera tilbod var 30.september.
Ved utløp av fristen hadde kommunen motteke fleire tilbod og er svært nøgde med det. Innlandet fylkeskommune ved Abakus AS køyrer anbodsprosessen på vegne av alle kommunane Nord-Gudbrandsdalen. Det har allereie vore gjennomførd møter med alle tilbydarane
Målet er innan kort tid å skrive kontrakt med utbyggjar og det vil då koma meir informasjon frå oss om kven som kjem til å byggja ut og kva framdriftsplana vert for prosjekta.