Status for utbygging med NKOM-midlar

Vi har dessverre fått melding om at søknaden om midlar på 2020 fekk avslag.  

Fleire av kommunane søkte som tidlegare i ein felles søknad, men berre Sel kommune fekk tilskott i denne runda. 

Vi arbeider derfor for å få overført søknaden frå Lesja, og eventuelt dei andre som fekk avslag, til søknadsrunda for 2021. Områder som blir med, er uendra og tilsvarar det som sto att etter 2019-søknaden.

Når det gjeld midlar frå 2019, har regionen samla fått tildelt midlar, men anbodet for å velge utbyggjar er ikke avklart enno.  Området det var søkt om var frå Lesjaverk til Lesja inkl Lesjaverk sentrum. Anbudskonkurranse på denne vært lagt ut første veka i mai 2021. 

Dette lyseblå området er det som låg på høyring for 2019, der vi venter tildeling i konkurransen i løpet av 2021: