Status for fiberframføringa Dombås - Bjorli

Klikk for stort bildeBaneNor har no lagt rør for framføring av fiber på heile strekninga. 

Det er og etablert omlag 40 avtappingspunkt med gjennomsnittleg 1,5 km imellom. Avtappingspunkta kan bli utgangspunkt for komande utbyggingsprosjekt. Det står att å trykkbelaste og teste infrastrukturen, før BaneNor bles inn sin eigen fiber. 

Samstundes blir 4 breibandsleverandørar, som har/får avtale med BaneNor, varsla om at dei kan starte førebuingane for å blåse inn sin fiber på strekninga. 

Eidsiva er først ute og har gitt oss ei tidsramme på lys i fiberen sin til første halvår 2019. I mellomtida vil dei starte innsalg av abonnement til si eiga utbygging på Bjorli. Det er snakk om 216 hytter i Bjorlia nord, der dei har tilgang til god infrastruktur i straumnettet. Det krevst avtale med 50% av disse før denne utbygginga kan starte. 

Elles oppmodar vi til å gå saman og melde inn behov eller søke om dugnadsprosjekt direkte hjå leverandørane.

Det vil etterkvart komme nye kartleggingar både frå kommune, fylke og leverandørar som grunnlag for nye trinn i utbygginga. Då er det viktig at mange svarer på undersøkingane, slik at nye prosjekt kan starte.