Rekordstor støtte til utbygging av breiband

Stortinget har løyvd 150 millionar kroner ekstra i støtte til breibandsutbygging. Det gir ein samla sum for 2020 på omlag 406 millionar kroner i statlege midlar til utbygging av breiband i område av landet som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut.

I det ordinære statsbudsjettet for 2020 blei det løyvd om lag 256 millionar kroner til breibandsutbygging. Stortinget vedtok 30. mars i krisepakke 3, å løyve 150 millionar. kroner ekstra, slik at det i år er ein samla sum på omlag 406 millionar kroner i støtte til utbygging av breiband.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har forvalta den statlege breibandsordninga fram til i år. Frå 2020 er forvaltninga overført til fylkeskommunane, som no for fyrste gong får eit eige oppdragsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om forvaltningsoppgåva.

Breibandsordninga er eit spleiselag. Dei statlege løyvingane bidreg til at kommunar, fylkeskommunar, entreprenørar og brukarar vel å investere saman i område som ikkje er rekna for å være kommersielt lønsame. I 2019 blei det løyvd nær 250 millionar kroner i statlege tilskottsmidlar. Desse midlane ser ut til å gi utbygging av breiband verd om lag ein milliard kroner til om lag 19 000 husstandar i Noreg.

KMD har bestemt ei fordeling av midlane mellom fylka. Fordelinga er basert på talet på hushald i område med spreidd busetnad i kvart fylke, som har eit breibandstilbod som gir mindre enn 100 Mbit/s nedlastingshastigheit.
Støtteordninga er retta mot bustader som har mindre enn 30 Mbit/s nedlastingshastigheit i dag.