NKOM-midlar for 2020

Vi har dei siste dagane hatt fleire henvendelsar om ønske om breiband.

Vi må difor presisere at prosessen ikkje har kome so langt enno. Det er ikkje oppretta noko system for å ta imot eller registrere innbyggerønsker. 

Departementet har løyvd ekstra pengar til breiband som er lagt til i potten for 2020 der kommunar kan søke om midlar frå NKOM (det gamle tele- og datatilsynet). Nytt av året er at fylkeskommunene får forvaltningsansvaret for disse tildelingane, men dei har enno ikkje fått sitt oppdragsbrev, eller klargjort for søknadsprosessen for i år. 

Difor er det slik at kommunane ventar på utspel fra fylkeskommunene når det gjeld søknad for 2020 inkl dei ekstra løyvingane som er omtalt i media. 

Prossessen har tidlegare vore slik:

  1. Val av område pr kommune
  2. Utforming av søknad (regionalt) med lokal finansiering av eigenandel
  3. Tildeling av tilskott
  4. Kunngjering av konkurranse med valg av leverandør
  5. Leverandør sender ut brev til husstandar og bedrifter som er innafor vald område
  6. Sluttbrukarar/kunder melder interesse via leverandøren sin nettstad (går fram av brevet)
  7. Når mange nok har tegna avtale, startar utbygging