Tussheimbue

Klikk for stort bildeTuren til Tussheim og Tussheimbue er ein lett, tilgjengeleg og sentrumsnær tur med fantastisk utsikt. Tussheimbue er ei stilfull, arkitekttegna dagsturhytte i moderne laft, ope for alle, med flott utsikt over kulturlandskapet i Lesja og Reinheimen nasjonalpark.

Praktisk å vite:

  • Dagligvarer til turen får du kjøpt hos Joker Lesja, like ved parkeringen.Klikk for stort bilde 
  • Kafé med lunsj- og middagsservering, blomster- og gavebutikk finner du her.
  • Ulltrøye og annet turutstyr får du skaffet hos Lesja Innkjøpslag like ved.

Overnatting i umiddelbar nærhet til Tussheimbue:

  • Lesja Gjestgiveri
  • Kolstad gard

For flere aktiviteter og opplevelser i fjellregionen, se:

Nasjonalparkriket

Videopresentasjon

Lesja kommune arbeider no med å utvikle eit nytt opplevingsprodukt frå sentrum av bygda og opp til varden Tussheim. Prosjektet består i tilrettelagt stig og dagsturhytte på toppen. Undervegs og på toppen blir det lagt vekt på å få fram informasjon om villrein.

For å gjennomføre tiltaket er det no ein prosess med finansiering. Alle som bidreg med min kr 10.000 får navnet sitt på ein samleplakett i dagsturhytta. Mindre beløp er også velkomne, men det vil ikkje resultere i marknadsføring.

Når prosjektet kan iverksetjast og når det vil vera ferdigstilt, vil avhenge av når finansiering er sikra. Det søkast om Spelemidlar og avgjersle på dette vil ikkje vera klart før i juni 2019.

Nye Tussheim er vi sikre på blir eit positivt tiltak for Lesja. Lesja-bygda er praktfull, og på Tussheim får ein eit fantastiske utsyn over landbruksbygda. I tillegg har ein eit flott utsiktspunkt inn mot villreinen sine leveområde i Reinheimen. Vi trur også den unike historia om korleis Tussheim vart bygd av Hole for hundre år siden, vil fange folk.