Turmålaksjonen 2019

Klikk for stort bilde Turmålaksjonen arrangerast i år for ellevte gong! Det er grendeutvala som har valt ut turmåla. Turmåla skal vere ein inspirasjon til å kome seg ut og bli kjent med nye stader i bygda. Ved turmåla er det plassert ut «FYSAK-kasse» med turbok. Skriv gjerne namnet ditt i boka og bli med på trekning av premiar. Kassene skal vere på plass i terrenget kring 1. juni – 6. oktober. Dei blir tatt ned att like etter haustferien. Ønskjer du å gå til fleire turmål? Sjekk ut Trimpoeng-konkurransen i sommer på http://www.trimpoeng.no/i/lesjatur19/ eller last ned Trimpoeng på din smarttelefon.
For turbeskrivingar sjå turheftet «På tur i Lesja», tur-appen Outtt eller www.outtt.com/lesja. På Instagram kan du gjerne følgje profilen @turilesja og bruke emneknaggen #turilesja og #trimpoenglesja på dine turbilete frå Lesja.
Vi ønskjer alle ein riktig god tursommar i Lesja!

Meir informasjon og årets turmål finn du under "Informasjon" nedst på sida. 

Kontakt

Solveig Græsli
Prosjektmedarbeider «På tur i Lesja»
Mobil 913 51 703