Turer og turløyper - «På tur i Lesja»

Klikk for stort bildeNordmo skiløype Solveig Græsli

Turguiden «På tur i Lesja» vart ferdigstilt hausten 2017 og vi må seie oss nøgde med resultatet! Vi takkar så mykje for alle bidrag, både i form av bilde og forslag til nye spennande turmål!

Turguiden og digitalisering via Outtt er eitt av bidraga i arbeidet med omdømmebygging og marknadsføring av Lesja. Vi har allereie fått attendemeldingar frå andre kommunar i regionen som ynskjer å setja i gang liknande tiltak med utarbeiding av turguide lik vår – det er eit stort pluss for heile regionen!

For tida arbeider tilsett prosjektleiar med å digitalisere turane via turportalen outtt.com og i den gratis nedlastbare appen Outtt. Vi håpar den nye turguiden og digitaliseringa via Outtt vil gjere det enklare for både fastbuande og tilreisande å finne sine turar i vakre Lesja.

Lesja har mangfaldige tur- og løypemoglegheiter, og ein finn noko for einkvar smak! Når det er sagt, tek vi gjerne i mot fleire tips om turar som kan leggjast inn i Outtt.  

Turguiden finn du på alle turistkontor i Nord-Gudbrandsdal og i lokale nærbutikkar. Du finn også turguiden her https://issuu.com/lesjakommune/docs/p___tur_i_lesja_lr eller du kan gå inn på https://outtt.com/no/regions/24/lesja

God tur i Lesja! Og hugs; merk dine turbilde med #turilesja

Dei siste åra har det blitt lagt ned ein kjempeinnsats av frivillige lag og organisasjonar. Utallige timar er gått med til å rydde, merke og skilte gamle og nye stigar og løypetraseer. Det har blitt tilrettelagt gapahukar, benkar, informasjonstavler og parkeringsmoglegheiter for å nevne noko.

Turmålaksjonen arrangerast i år for ellevte gong! Det er grendeutvala som har valt ut turmåla. Turmåla skal vere ein inspirasjon til å kome seg ut og bli kjent med nye stader i bygda. Ved turmåla er det plassert ut «FYSAK-kasse» med turbok. Skriv gjerne namnet ditt i boka og bli med på trekning av premiar. Kassene skal vere på plass i terrenget kring 1. juni – 6. oktober. Dei blir tatt ned att like etter haustferien. Ønskjer du å gå til fleire turmål? Sjekk ut Trimpoeng-konkurransen i sommer på http://www.trimpoeng.no/i/lesjatur19/ eller last ned Trimpoeng på din smarttelefon.
For turbeskrivingar sjå turheftet «På tur i Lesja», tur-appen Outtt eller www.outtt.com/lesja. På Instagram kan du gjerne følgje profilen @turilesja og bruke emneknaggen #turilesja og #trimpoenglesja på dine turbilete frå Lesja.
Vi ønskjer alle ein riktig god tursommar i Lesja!

Meir informasjon og årets turmål finn du under "Informasjon" nedst på sida. 

Kontakt

Solveig Græsli
Prosjektmedarbeider «På tur i Lesja»
Mobil 913 51 703