Nye Tussheim

Klikk for stort bildeNye TussheimLesja kommune arbeider no med å utvikle eit nytt opplevingsprodukt frå sentrum av bygda og opp til varden Tussheim. Prosjektet består i tilrettelagt stig og dagsturhytte på toppen. Undervegs og på toppen blir det lagt vekt på å få fram informasjon om villrein.

For å gjennomføre tiltaket er det no ein prosess med finansiering. Alle som bidreg med min kr 10.000 får navnet sitt på ein samleplakett i dagsturhytta. Mindre beløp er også velkomne, men det vil ikkje resultere i marknadsføring.

Når prosjektet kan iverksetjast og når det vil vera ferdigstilt, vil avhenge av når finansiering er sikra. Det søkast om Spelemidlar og avgjersle på dette vil ikkje vera klart før i juni 2019.

Nye Tussheim er vi sikre på blir eit positivt tiltak for Lesja. Lesja-bygda er praktfull, og på Tussheim får ein eit fantastiske utsyn over landbruksbygda. I tillegg har ein eit flott utsiktspunkt inn mot villreinen sine leveområde i Reinheimen. Vi trur også den unike historia om korleis Tussheim vart bygd av Hole for hundre år siden, vil fange folk.