Grunneigar/skade

På denne sida vil du etter kvart finne samla informasjon som vil vera nyttig for deg som grunneigar når det oppstår skade på fast eigedom.

Skader skal meldast til forsvaret:

Telefon 400 38 526

Epost mbo@mil.no   

Gode råd til grunneigarar i samband med militærøvinga Trident Juncture – Skader og erstatning

  • Før øvinga tek til: Dokumenter med bilde. Ta bilde i forkant av øvinga der det kan bli skader; vegar, skogsbilvegar, grøfter, stikkrenner og evt. bygningar i utmark der det kan bli setningsskader. Køyr gjerne sakte med kamera på vegar som kan bli skadd.
  • Dokumentasjon av avlingsnivå før og etter øvinga.
  • Dokumenter skader best mogleg og så raskt som mogleg
  • Meld frå om eventuelle skader så raskt som mogleg til:
    • Tlf:                        400 38 526
    • e-post:                 mbo@mil.no
  • Viktig: Ikkje start reparasjonar før skaden er registrert
  • Unngå konflikt med operative militære styrker! Ta kontakt med miljøvernoffiser på telefonnummeret eller e-postadressa nemnd ovanfor.
  • Grunneigarar kan si nei til køyring på innmark. Om grunneigar samtykker til køyring, bør det presiserast at eventuell skade skal erstattast

Gode råd til grunneigarar frå bondelaget

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 11
Mobil 917 33 693