Lærling innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, frå hausten 2021

Lesja kommune ønsker å tilby lærlingeplass i 100% st innan B/U-faget frå hausten (medio august). Søknadsfrist: 17. april 2021.
 

Arbeidsplassar vil vere barnehagar (Lesja barnehage og Lesjaskog barnehage) og skular (Lesja skule og Lesjaskog skule, samt innan SFO). Fordeling av arbeidsplassar og tidsrom, blir fastsett i samråd med lærlingen.

Det vil vere instruktør/rettleiar for lærlingen på dei ulike arbeidsplassane.

Nærare info: Personalsjef/lærlingekoordinator Liv Eva Gråsletten, tlf 909 52 160

Lønn: Rekna ut frå årslønn for fagarbeidar (100% st), pt kr 352 200 – 431 400, avhengig av ansiennitet og slik at: Første halvår, er lønna 30% av fagarbeidarlønn, 2.halvår 40%, 3. halvår 50% og 4. halvår 80% av fagarbeidarlønn.

Søknad sender du til Lesja kommune, innan 17.04.2021

Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen øverst på sida. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.

Den som blir tilsett, skal levere politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart som lærling, jf Opplæringslova § 10-9, 1. og 2. ledd, og Barnehagelova § 30, jf Politiregisterlova § 39, 1.ledd

Evt søknadspapir blir ikkje returnert.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli oppført på søkjarlista (jf. Offl. § 25). Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla.

 

Saksnr: 2021/1157-1

StillingsID: 29

Dato: 06.04.2021