Ferievikarar sommaren 2019

Ledige ferievikariat med søknadsfrist 10. mars. Søkjarane må ha fylt 18 år på tilsettingstidspunktet. 

Innan helse, omsorg og folkehelse, er det behov for ferievikarar innan følgjande avdelingar:

  • Lesja sjukeheim, Lesja; pleieavdeling, skjerma avdeling, kjøkken og vaskeri.

Det er ønskeleg med helsefagleg utdanning, evt relevant praksis. Andre kan søke.

Nærare info:  Leiar Hilde Lislien, tlf 61 24 42 12 eller avd.sjukepleiar

Tove Skaug, tlf 61 24 42 28.

 

  • Heimebaserte tenester:
  • Heimesjukepleia
  • Lesjatun
  • Eldres senter, Lesjaskog

Det er ønskeleg med helsefagleg utdanning, evt relevant praksis. Andre kan søke.

Nærare info: Leiar for heimebaserte tenester, Marit Nyløkken, tlf 61 24 42 18, eller avd.sjukepleiar Ellen Hagestande, tlf 61 24 42 10

 

  • Skoglund/Bekkefaret bufellesskap og Lesjaskog dagsenter, Lesjaskog

Det er ønskeleg med helsefagleg utdanning, evt relevant praksis. Andre kan søke.

Nærare info: Leiar Jostein Larshus, tlf 61 24 46 60

 

Felles for alle ferievikariata:

Ønska avdeling/arbeidsstad, start- og sluttidspunkt, evt. prioritering og maks stillingsstorleik må presiserast i søknaden.

Lønn i hht avtaleverk. Nyutdanna sjukepleiarar: Rekna ut frå årslønn (100% st) pt på kr 396.200.

Søkjarar som kan arbeide heile juli og fram til 18. august, blir føretrekte.

Det er krav om at begrensa politiattest, jf Helse- og omsorgstenestelova §5-4, skal leggast fram før oppstart i stillingane.

 

Søknad sender du til Lesja kommune, innan 10.03.2019

Send søknad elektronisk via knappen i toppen av sida. 

Søknad som ikkje blir sendt elektronisk via heimesida, blir ikkje teke i betraktning.

Det skal fyllast ut fullstendig oversikt over utdanning og praksis.

 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppførd på søkjarlista (jf. Offl. §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.

 

Saksnr: 2019/87  Dato: 04.02.2019

ID: 463 – ferievikarar Lesja sjukeheim

ID: 464 – ferievikarar Heimebaserte tenester

ID: 465 – ferievikarar Skoglund/Bekkefaret