Publisert 05.09.2018
Feiring

Ordførar Mariann Skotte er både stolt og glad over at Lesja er godkjent som Nasjonalparkkommune.

Publisert 04.09.2018

Nytt beredskapsnummer  frå og med fredag 5.okober kl.08.00 : 469 03 843

Publisert 03.09.2018
kaffilars

Prisen blir delt ut ein gong i året, så sant ikkje Livsløpsstyret fastset noko anna.

Publisert 28.08.2018

Tid: Tirsdag 4. september kl 10-12.30
Stad: Lesja Gjestgiveri

Arrangør: Lesja kommune og Levande Lesja

Publisert 21.08.2018
Lesja sjukeheim

Bygget skal i tillegg til sjukeheim innehalde lokale for heimebasert omsorg, psykiatri, fysioterapi, ergoterapi, dagsenter, helsestasjon og legekontor. Den eldste delen av sjukeheimen som vart tatt i bruk i 1980 skal totalrenoverast. Nystugu (skjerma eining) vart bygd i 2002 og kjøkenet vart renovert i 2005. Disse inngår ikkje i planlagt renovering no. 

Det skal byggast eit vinkelforma tilbygg i to etasjer mot aust. Sjukeheimsdelen vert i andre etasje med 30 rom som no. Nybygget skaper saman med Nystugu og den eldste delen av sjukeheimen eit innvendig tun. Her blir det opparbeida hage og dette blir hjertet i anlegget.

Publisert 20.07.2018

Vi har laga ei informasjonside der vi legg status og oppdatert informasjon, lenker og tips til alle i Lesja som vil ha breiband. Innhaldet er under utvikling, så send gjerne tips om informasjon du ønsker å finne der.

Send tips og ønsker (skriv gjerne Breiband i emnefeltet)

 

Publisert 08.06.2018
lesja med kirka gronn

Felles landbrukskontor for Lesja og Dovre hadde landbruksplastbefaring i veke 22. Store delar av begge bygder vart synfare.

Publisert 31.05.2018
Gruppebilde alle vennskapskommunene

Ordførar Mariann Skotte deltok på dei årlege bydagane i Marijampole 25. - 27. mai.  Årets arrangement var spesielt fordi Marijampole er kulturhovudstad i Litauen dette året, og fordi Litauen feirar at det er hundre år sidan landet fekk sjølvstende frå Russland og Prøyssen og fekk si eige grunnlov.

 

Publisert 16.05.2018

18. mai er det ny runde for plastinnsamling for hushaldningsplast i renovasjonsruta til NGR.

 

Plasten må leggas i eigne sekkar som kan fåast på miljøstasjonen eller på kommunehusets ekspedisjon. NGR hentar hushaldningsplastet på dei same plassane dei andre søppelsekkane vert satt. Plasten må vere rein og tørr.

 

For meir informasjon sjå:

http://ngr.no/2018/02/klart-kildesortering-husholdningsplast-norddalen/

Publisert 18.04.2018

Frå i februar har NGR tilbydd mottak av sortert hushaldningsplast.

Sekkar til plast kan hentast i ekspedisjonen på kommunehuset eller på miljøstasjonen. Henterute plast framgår av hentekalenderen som er utsendt til alle husstander og kan lesast eller lastast ned her. Neste plastinnsamlingar er torsdag 19.04.18. og fredag 18.5.18

Ellers viser vi til informasjon om ordninga i NGR sin artikkel om temaet