Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen lyser ut middel til villreintiltak

Klikk for stort bilde Frank Stavem  Villreinnemnda lyser ut middel til villreintiltak med søknadsfrist 20.06.20.

Tilskot til villreintiltak er innbetalte fellingsavgifter for villreinjakt som blir ført tilbake til det einskilde villreinområde. Middel kan bli brukt til tiltak som:

  1. Styrker forvaltninga av villreinstamma.
  2. Styrker kunnskapen om villreinen sin arealbruk i både nåtid og fortid.
  3. Fremmar befolkninga sin forståing og kunnskap om villreinen sin bruk av fjellområda.

Søknad skal innehalde målsetting og beskriving av tiltaket, budsjett (kostnadar og finansiering) og tidsramme for gjennomføring, namn og kontonummer til søker.

 

Send søknaden til: 

Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen

Moavegen 30

2690 Skjåk

tor.taraldsrud@skjaak.kommune.no