Unge røyster

Klikk for stort bildeInvitasjon til skrivekonkurranse for unge skribentar og skrivelystne  

 

Stiftinga G-Kultur lyser nå ut skrivekonkurransen Unge røyster for skribentar og skrivelystne i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen. Fristen for bidrag er 15. juni 2019. Bidraga blir juryerte, og inntil 10 bidrag blir honorerte med 10.000 kr. kvar. Desse skal etter planen gjevast ut i bokform og med lansering på eit arrangement på Det Norske Teatret i Oslo 1. februar 2020. Jurymedlemmer: Sigrid Sørumgård Botheim (forfattar og journalist, seniorrådgjevar i Språkrådet), Astrid Brekken (journalist og skribent, tidlegare tilsett i NRK), Olav Brostrup Müller (kultursjef Lillehammer kommune, journalist og skribent), Rønnaug Haugstad (fagkonsulent, Bydel Grünerløkka i Oslo) og Marit Hosar (kunstnar, fylkesarkivar i Oppland). Dei to siste representerer styret i Stiftinga G-Kultur. Så langt har kommunane Gausdal, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel og Skjåk gjeve økonomisk tilskot til gjennomføring av Unge røyster. Meir informasjon med retningslinjer for deltaking i konkurransen og om val av tema m.m. finn ein på heimesida www.g-kultur.no under menypunktet Unge røyster. 1. februar - siste og avsluttande søknadsfrist i Stiftinga G-Kultur Stiftinga G-Kultur har sin siste søknadsfrist 1. februar for tilskot til kulturaktivitetar og kultur-verksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Søknader blir behandla på styremøtet i G-Kultur 14. februar.

_______________________________________________________________________________________ Kontakt for meir informasjon: Knut Hovslien, styreleiar knut.hovslien@online.no 9719 5148 Kjell Austin, nestleiar/sekretær kaustin@online.no 4150 9460 Lars Ole Ørjasæter larsole.orjaseter@mediaoslo.no 9085 9406