"Tussheimbue"

Klikk for stort bildeLevande Lesja lyste i juli ut ei konkurranse om namn på den nye dagsturhytta ved Tussheim. For at namneforslaga skulle bli registrert, måtte forslagsstillar sende namneforslag og eige namn på sms til oppgjeve telefonnummer.

Engasjementet har vore stort og det kom inn totalt 45 namneforslag. Jury for å bestemme namnet var Maria Kampesæter Kleiven frå firmaet Trollbinde, Aslak Enstad frå Bjorli og Lesja Næringslag, Anne Evensen Torsgård frå Lesja bondelag, Jann Erik Dalum frå Lesja Fjellstyre og Erland Husom frå Nasjonalparkriket. Juryleiar Maria Kampesæter Kleiven seier at det er kjekt å sitja i ein jury når det har vore slik engasjement med mange forslag. Ho seier også at det var veldig bra at navneforslaga vart framlagt anonymt, slik at dei ikkje visste kven som hadde foreslått det forskjellige.

Juryen bestemte at namnet på den nye dagsturhytta skal vera TUSSHEIMBUE.

Grunngjeving frå juryen:

«Ein samla jury valde Tussheimbue som namn for den nye dagsturhytta. Å kombinere Tussheim-namnet med bue trur vi fører til at namnet blir brukt, samtidig som det forsterkar Tussheim-namnet. "Bue" er eit godt dialektomgrep som er brukt på bygg av liknande størrelse i fjellheimen.»

Den som sende inn forslag på Tussheimbue var Ingrid K Svelstad. Ho ynskjer å dele æra for namnet med andre. Det er eit namn som har vore diskutert i fleire fora. «Eg likte det og sendte derfor inn forslaget», seier ho.

Tussheimbue skal offisielt opnast laurdag 21. september samtidig med løpet «Tussheim Upp» som arrangerast av Lesja idrettslag.

Kontakt

Solveig Brøste Sletta
Dagleg leiar Nordveggen AS
Telefon 988 83 816
Kari Anette Austvik
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 12
Mobil 941 37 135