Takk for all støtte til "Julegåveaksjonen 2019"!

Lesja kommune og Marijampole kommune takkar for alle bidrag i samband med "Julegåveaksjonen 2019"! Representantar for Lesja ungdomsråd og Lesja kommune overleverte sist helg julegåvene i Marijampole.   

Med på turen var Gaute Skotte, Herman Aaheim, Hans Oskar Møller og Anton Cornelius Nilsen frå ungdomsrådet, og Janne Sætrenes og Martin Vorkinn frå Lesja kommune.  To kombinerte barneheimar/dagsenter vart besøkt og har fått av gåvene som var samla inn blant barnehage- og skulebarn i Lesja.  Lesjingane fekk også besøke ein yrkesskule der 1500 elevar fekk utdanning innan svært mange ulike fagområde. Ungdomsrådsrepresentantane hadde eit svært positivt møte med ungdommar frå Marijampole. I møte med Marijampole-ordføraren vart framtida for venskapssamarbeidet drøfta.  Ordføraren la vekt på det positive og verdifulle samarbeidet mellom dei to kommunane, og framheva spesielt betydninga av ungdomssamarbeidet.  Marijampole ynskjer å invitere Lesja toraderklubb På 2. rad til byen under bydagane 2020. Dei har også eit ynskje om at folkemusikkgruppa Zibinycia skal kunne besøke Lesja og halde konsert her sommaren 2020.