SOMMARLES – Velkome til ein magisk avslutningsfest på biblioteket!

Klikk for stort bildeSommarles er slutt for i år. Vi ynskjer å feire at så mange har vore med, og inviterer difor alle deltakarar til avslutningsfest med Klovnen Knut på hovudbiblioteket onsdag 23. september. Framsyninga startar kl 15:00 og varer i ca. 45 minutt. Gled deg til ei fantabelaktig framsyning med humor, tryll og magi!

Pga. koronasituasjonen vil det i år vere førehandspåmelding. Dei føresette melder på ungane ved å sende e-post med namn og tlf.nr. til bibliotek@lesja.kommune.no innan 15. september.