Smittevernråd for nasjonaldagen kjem 4. mai

Klikk for stort bildeAt det går mot ei annleis 17. mai-feiring har alt vore kjend ei stund. Barnetog er avlyst på grunn av koronapandemien, men musikkorps får lov til å spille på nasjonaldagen – med god avstand mellom rekkene.

Kulturminister Abid Raja (V) seier at dei endelege smittevernråda for 17. mai-feiringa blir lagt fram mandag 4. mai.

Koronapandemien vil sette klare begrensingar på grunnlovsdagen. Vi veit alt no at barnetoga, slik vi kjenner dei, ikkje kan gjennomførast. Det blir ikkje dei store folkefestane innandørs på skular, grendehus eller samfunnshus. Planlegginga og gjennomføringa må tilpassast anbefalingar, pålegg og helsefaglege råd som er gitt.

Mandag 4. mai vil kulturministeren presentere dei endelege smittevernråda for årets 17. mai.

Korleis 17. mai vert feira, er noko som tradisjonelt vert planlagt og gjennomført lokalt utan at sentrale myndigheiter er involvert. Og slik skal det vera i år og, det er ikkje slik at kulturministeren eller regjeringa skal styre korleis ein løyser dette lokalt, men det må skje innanfor smittevernreglane. 

(©NTB)