Skatteetaten overtek skattekrevjaroppgåvene frå 1. november 2020

Frå 1 november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for Skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag.

Skatteetaten vil med dette få heile ansvaret for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i Ottadalen (Vågå kommune) som Sel, Vågå, Lom og Skjåk har vore tilslutta.

Meir informasjon vil bli lagt ut på Skatteetaten sine sider

Oppgåvane som blir overført til skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto/saldoutskrift for skatt og avgift.