Plastinnsamling 2020

Klikk for stort bilde Lesja Bondelag i samarbeid med Lesja kommune vil også i år arrangere ein ryddeaksjon for plast og anna avfall.

2 skuleklassar har tatt på seg rydding frå Prestgardsbrua og sørover, samt ved Lesjaskogsvatnet. På Lesjaskog ligg det snø enno, slik at årets aksjon vert noko seinare enn i fjor.

I Lesja vert det i hovudsak oppfordra til dugnad frå Prestegardsbrua og nordover til Lordalen. Hovudfokuset for organiseringa er langs Lågen og sideelver. 

Grunna coronasitusjonen vert årets aksjon litt annleis enn i fjor. I Lesja oppfordrar vi til dugnad frå no og fram til 16. Mai. For tildeling av område, og utlevering av sekkar og hanskar, kontakt Bondelaget, helst på SMS, på nr 41511556. Ein vil då få tildelt eit område, og kan hente sekkar. Sekkane må leverast i container som står ved idrettsbana på Lyftingsmo. Dei som er med på dugnad vert med i trekning av 2 gavekort på 500kr på Lesja Innkjøpslag og 2 gavekort på 1000kr på Avdemsbua.

Bondelaget og kommunen oppfordrar også alle eigarar av landbrukseigedommar og mottakarar av produksjonstilskot å rydda plast og anna avfall på egen eigedom

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Mobil 917 11 475