Ordinære kulturmidlar 2019

Søknadsskjemaet er no i orden igjen. Om nokre frivillige lag slit med å overhalde søknadsfristen grunna problemet med skjemaet forrige veke, ta kontakt med kulturkonsulenten.

Søknadsfrist 15. april

Klikk for stort bilde

Dei siste åra har det vært fordelt ordinære kulturmidlar til frivillige lag innan fire kategoriar:

  • "Song, musikk, teater" kr. 100 000,-
  • "Allment kulturarbeid" kr. 50 000,-
  • "Idrett" kr. 120 000,-
  • "Kulturvern" kr. 15 000,-

Dette er det endra på no.Det blei i desember 2018 gjort eit endeleg vedtak i kommunestyre at det skulle kuttast i dei ordinære kulturmidlane. Det vart kutta kr. 50 000,- i allment kulturarbeid - og kr. 50 000,- i midlane til idrett.

Det betyr at ein må gjere om på retningslinene for tilskota og gjere ei endring i kategoriane, slik at fordelinga skal bli så rettferdig som mogleg. Dette vil skje i samband med årets fordeling og behandlast politisk. Det vil bli lagt ut informasjon om dette på heimesida når vedtaket er gjort.  

 Førebels søker alle frivillige lag slik dei har gjort før. Lenka til søknadsskjema ligg nederst i artikkelen.

 

Frist 15. april! .

Søknadsskjema.

Kontakt kulturkonsulenten om det er noko dykk lurer på:

sonja.mathisen@lesja.kommune.no