Litt om kronprinsparet sitt besøk til Lesja den 17. september

Klikk for stort bildeKronprinsparet Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff

 

 

 

 

 

Som kjent får Lesja kommune besøk av Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen og Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen den 17. september 2019, og planlegginga er godt i gang. 

Lesja kommune har vald frivilligheit som tema for besøket, og ungdom skal ha ei sentral rolle i både planlegging og gjennomføring. Programmet blir i all hovudsak lagt til Lesja bygdemuseum og Lesja kyrkje. Kronprinsparet blir invitert til å ta del i dugnad på tunet, saman med bygdafolket og representantar for frivillige lag og foreiningar i bygda. Besøket i Lesja blir avslutta på Slådalen med informasjon om dei arkeologiske undersøkingane av massefangstanlegget på Verket, der den frivillige innsatsen i samband med utgravingane vil vera i fokus.  Program og meir infomasjon kjem etterkvart.

 

Her finn du informasjon om kva tyding og omfang det frivillige arbeidet har i Lesja

Kontakt

Sonja Gitte Mathisen
Kulturkonsulent
Mobil 975 19 607
Heidi Skaug
Rådmann
Mobil 924 00 245
Martin Vorkinn
Konsulent
Mobil 900 95 301