Listeforslag til kommunestyrevalet 2019

Frist for innlevering av listerforslag til kommunen er 31.mars.  I år fell den 31. mars på ein søndag, og fristen er derfor måndag 1. april 2019 kl 12:00.

 Kor mange kandidatar skal/kan førast opp på listene i Lesja?
 

Tal kandidatar:


(Vallova § 6-2):
For val til kommunestyre er det krav til å føra opp minst 7 kandidatnamn på lista, og maksimalt 23 kandidatar.
(dvs. på like mange kandidatar som det skal veljast representantar til Lesja kommunestyre,(17) + eit tillegg på inntil 6 kandidatnamn)
 

Førehandsprioritering- stemmetillegg:


(Vallova § 6-2, 3.ledd)
Eit visst tal av dei øvste kandidatane på listeframlegget kan gjevast eit tillegg i sitt personlege stemmetal på 25 % av det tal stemmesetlar som lista mottek ved valet.

Kor mange kandidatar som kan vera førehandsprioritert er avhengig av tal medlemmer i kommunestyret.
I Lesja kommune, der det skal veljast eit kommunestyre på 17 personar, kan opp til 4 kandidatar pr. liste vera førehandsprioritert.

Her er det malar for listeforslag og informasjon om korleis listeforslaga skal utformast

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent
Telefon 61 24 41 14
Mobil 900 95 301