Lesja kommune har gått mobilt

Klikk for stort bildeDå er det slutt på bruk av fasttelefoner og gamle 612-nummer er erstatta med mobilnummer. 

Nokre hovednummer kan nyttast framleis, men er kopla rett til nytt mobilnummer (sjå kva for nummer dette er under). 

Nye mobilnummer kan du søke opp i 1881 eller på kommuna si heimeside.  Nye nummer finn du ved å søke etter avdeling eller tilsett rett i søkefeltet eller under Kontakt oss/Tilsette pr avdeling i toppmenyen. 

Hovudnummer som framleis kan nyttast er: 

61244100 - Sentralbord kommunehuset

61244200 - Sentralbord legekontoret

61244220 - Sentralbord Lesja helseheim

61244160 - Sentralbord Lesja skule

61244260 - Sentralbord Lesjaskog skule

Frå før er gamle nummer kobla direkte til mobil på Eldres Senter og Lesjatun.