Legekontoret har fått sesongens influensavaksine

Klikk for stort bildeVaksinen kostar 150 kr om du har frikort. Har du ikkje frikort vert det 206 kr. Ta kontakt med legekontoret på telefonnummer 61 24 42 00 for å tinge time. Du må vente på legekontoret i om lag 15 minutter etter du har fått vaksinen.

Følgande personar har auka risiko for influensasykdom, og vert difor tilrådd å ta influensavaksine:

  • Alle frå og med fylde 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12 svangerskapsuke (Gravide i 1.trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine)
  • Born og vaksne med:
     
    • Diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte/karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein helserisiko

 

I tillegg tilrår vi influensavaksine til følgjande målgrupper, primært for å beskytte andre

  • helsepersonell som har pasientkontakt
  • husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar
  • svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar