KVA ER VIKTIG FOR DEG? Ei spørjeundersøking retta mot deg over 65 år

Klikk for stort bilde  I samband med eldrereforma "Leve heile livet" vil Lesja kommune og eldrerådet gjennomføre ei spørjeundersøking retta mot deg som er over 65 år.

Satsingsområda i "Leve heile livet "er:

  • eit aldersvennlig samfunn
  • aktivitet og fellesskap
  • mat og måltider
  • helsehjelp
  • samanheng i tenestene

For at Lesja kommune skal kunne gjennomføre reforma på ei god måte, er det viktig for oss å vite kva som er viktig for våre innbyggarar over 65 år.

Om du har hytte og er fritidsbebuar på Lesja, er du velkommen til å delta i undersøkinga om du er over 65 år.

Link til spørjeundersøkinga finn du her                     

Svarfrist er 23.oktober

Vi håper sjølvsagt at flest mogleg deltek digitalt, men du kan også svare på papirskjema som du finn her (PDF, 144 kB) for nedlasting og utskrift.

Spørjeskjema i papir blir lagt ut på Bunnpris Bjorli, Bunnpris Lesjaskog, COOP Lesjaverk, JOKER Lesja sentrum og Lesja kommunehus.

Spørjeskjema blir også lagt ut på Eldres senter, Lesjatun og Lesja helsehus/sjukeheimen.

Der blir det også sett ut kvite postkasser. I desse skal ferdig utfylte papirskjema leggjast.

Ferdig utfylte papirskjema kan også leverast/sendast Lesja kommunehus innan 23.oktober 2020.