Kulturprisen for 2019

Klikk for stort bilde  

Prisen blir delt ut ein gong i året, så sant ikkje Livsløpsstyret fastset noko anna.

Kven kan få prisen?


Lesja kommune deler ut ei kulturgåve – ein aktivitetspris – til eit lag eller ein enkeltperson som i inneverande år eller over tid, har gjort ein særleg positiv innsats innanfor kulturlivet i Lesja.

 

Forslag til kandidatar


Bygdafolket kan koma med forslag på kandidat til kulturprisen. Kvart kandidatforslag må vera skriftleg og grunngjeve. 

 

Forslaget sender du til:
Lesja kommune
Livsløpsstyret

2665 Lesja

Sendast innan 1. november 2019

 

Tidlegare mottakarar av kulturprisen, 1978 - 2013 (PDF, 23 kB)

Kulturprismottakarar 2014 - 2018:

Årstal Mottakarar Grunngjeving
2014 Olav P. Amundgård for stor frivillig innsats med rydding og merking av stier i Kjøremsgrende, og for digitalisering av meterologiske data til forskning
2015 Egil Ulateig for sin innsats for kultur og kulturliv i og utanfor Lesja, sitt samfunnsegasjement og arbeid for trafikksikkerheit

2016

2017

Ola Hareland

Bjørg Nordset

for sitt arbeid innan fotballen i over 30 år

for sitt omfattande arbeid med mat og matkultur

2018 Audun Høgbrenna for sitt forfatterskap