Kulturprisen 2020 til Lesja historielag - Prisutdeling den 29. juli kl 20:00

Klikk for stort bilde Edvard Kielland Mølmen  Torsdag 29. juli mottek Lesja historielag Lesja kommunes kulturpris for 2020. Prisutdelinga finn stad på Tunstugu, Lesja, kl. 20:00. Dørene opnar kl. 19.45. Prisen delast ut av ordførar Mariann Skotte. Det blir kulturelle innslag. Gratis inngang og bevertning.  Pga. omsyn til smittevern og avstand vil arrangementet ha ei grense på 70 personar samla.

Kulturprisen blir gjeve til lag eller enkeltpersonar som har gjort ein god innsats for kulturlivet i Lesja kommune. Lesja historielag vart danna i 1981 og har på sine 40 år lagt ned eit omfattande stykke arbeid innan kulturlivet i kommunen. Historielaget har gjort mykje for å ta vare på og formidle den felles kulturarven vi har. Dei har gjort ulike registreringsarbeid, t.d. registrering av buer, kverner og sagbruk, bakstjern og rosemåling. Dei har vore engasjert i ulike bokprosjekt slik som bygdebøkene bl.a., og dei har gjeve fast ut eiga årbok, alt som på ein flott måte dokumenterer vår felles lokale kulturhistorie. Historielaget har vore med i fleire restaureringsarbeid. Dei har restaurert t.d. Lorkverna til slik ho framstår i dag; eit godt tilrettelagt og velstelt, levande kulturminne. Historielaget står elles for mange aktivitetar og arrangement i bygda, enten det er omvising, markdagar, dugnad og temakveldar, olsokfeiring eller demonstrasjonar som maling av korn og jarnblestring.