Kronprinsparet kjem til Lesja den 17. september

Klikk for stort bildeAkantus, Klukstad, Lesja kyrkje Benedikte Skarvik

Førebuingene til Kronprinsparet sitt besøk til Lesja den 17. september er godt i gang.  Programmet for besøket tek form, og mange brikker har falle på plass. 

Frå Kronprinsparet si side er det eit ynskje at ungdom skal ha ei sentral rolle i planlegginga og gjennomføringa av besøket.  Dette har komiteen som arbeider med besøket hatt sterkt fokus på, og ungdomsrådet vil få ei sentral rolle under besøket. 

Programmet her i Lesja blir lagt til Lesja bygdemuseum og Lesja kyrkje, og vil framheve den særstillinga dugnad og  frivillig arbeid har i kommunen vår.  Frivillige lag og foreiningar, barn og vaksne i alle aldrar og frå heile bygda  blir inviterte til å ta del i haustdugnad på Bygdetunet saman med Kronprinsparet.

Det kjem til å bli sett opp buss frå både aust og vest. Det vil koma meir opplysningar om programmet når besøket nærmar seg. 

Vi oppmodar i alle fall alle lesjingar  til å setje av tida mellom klokka 14:00 og 17:00 tysdag den 17. september slik at vi saman kan lage den folkefesten som Kronprinsparet ynskjer seg under besøket!

Kontakt

Sonja Gitte Mathisen
Kulturkonsulent
Mobil 975 19 607
Martin Vorkinn
Konsulent
Mobil 900 95 301