Kommunalt viltfond, fallviltarbeid og løypekøyring

Tilskot frå kommunalt viltfond

Det kan no søkast om tilskot frå Lesja kommune sitt kommunale viltfond, for tiltak som fremmar viltforvaltning, kunnskap om viltet, jaktorganisering mm.

Søknad sendast til Lesja kommune, postboks 53, 2665 Lesja, eller postmottak@lesja.kommune.no

Søknadsfrist 30.des 2019. meir informasjon ligger på kommunen si heimeside. https://www.lesja.kommune.no/tenester/natur-og-miljo/viltforvalting/viltfond/

 

Lesja kommune søker personell til fallviltarbeid

Kommunen har ansvar for å organisere og administrere fallviltarbeid, og utlyser 4-5 engasjement i fallviltgruppa for Lesja kommune. Dei som vert vald skal utføre ettersøk, avliving og ivaretaking av dødt vilt. Fallviltgruppa skal dekke heile Lesja kommune med ein 24 timars døgnberedskap alle dagar.

 

Lesja kommune søkar personar med følgande kvalifikasjonar:
- Busett i Lesja kommune eller i straks nærleik av kommunen.
- Registrert i jegerregisteret, og avleggar og består årleg skyteprøve for storvilt.
- Kompetanse innan jakt, ettersøk og slakting.
- Disponerer eigen jaktrifle med kaliber godkjend for storviltjakt.
- Disponerer eigen bil.
- Arbeidssituasjon som tillatar stor fleksibilitet med utrykking.

 

Kommunen vil legge vekt på om søkar er godkjend ettersøksekvipasjar med hund, søkarens eignaheit og bustad i forhold til behovet i kommunen. Dei som er engasjert i fallviltnemnda er forsikra når dei er ute på fallviltoppdrag.

Søknadsfrist 10. desember.

Søknad sendast til postmottak@lesja.kommune.no eller
Lesja kommune; Postboks 53, 2665 Lesja.

 

Tilskot til løypekøyring og andre vinteraktivitetar, 2019/2020

Ny søknadsomgang for tilskot til løyper og vinteraktivitet med meir i vinteren 2019/2020. Retningslinjene er revidert av forvaltningsutvalet i sak 72/17 den 7.nov 2017.

Retningslinjer, søknadsskjema og innrapportertingsskjema ligg vedlagt.

 

Søknadsfrist er 5.desember 2019. Søknadsskjema må nyttast, og sendast til postmottak@lesja.kommune.no eller Lesja kommune, postboks 53, 2665 Lesja.

 

Ved spørsmål ta kontakt med miljørådgjevar.

Kontakt

Sigurd Vie Alme
Miljørådgjevar + byggesak og plan
Telefon 948 75 433
Mobil 948 75 433