Julegåveaksjonen 2019 er i gang

Klikk for stort bildeJulestemning i MarijampoleDen fine tradisjonen med at barnehagebarn og skulebarn i Lesja har gjeve julegåver til barn i Marijampole blir vidareført også i år.  Julegåveaksjonen for 2019 er i gang.  Informasjon om årets aksjon er sendt ut til skulane og barnehagane. Denne informasjonen blir også lagt ut på heimeside og kommunens facebookside. Siste frist for å levere gåver på skulane og i barnehagane vil bli måndag 2. desember.  Også i år kan du Vippse ei julegåve til  138997.  Den 4. desember reiser representantar frå ungdomsrådet og kommunen over til Marijampole for å overlevere gåvene.  

Slik var Julegåveaksjonen 2018

Klikk for stort bildeKarina 7 år fekk julegåvwe frå Lesja    I tillegg til  tradisjonell «barn gir til barn-aksjon» var det  også i 2018 mogleg å gje ei gåve gjennom Vipps. På turen over til Marijampole hadde ungdomsrådsrepresentantane og Lesja kommune med seg om lag 250 julegåver.  Pengegåver frå ungdomsrådet, frå tilsette i Lesja kommune og gjennom Vipps-kontoen utgjorde i overkant av 20 000 kr.  Pengegåvene vart nytta til innkjøp av nødvendige hushaldsartiklar til om lag ti vanskelegstilte familiar, og til utstyr til ein ungdomsklubb.

Besøket i Marijampole starta med møte på rådhuset.  I dette møtet stilte Marijampole opp med ordførar og varaordførar, samt assisterande rådmann og fleire representantar frå administrasjonen.  I 2018 var gruppa på besøk hos ein familie som i 2017 hadde fått hjelp med å få kjøpt seg ei vaskemaskin med midlar frå Lesja.  Eit kombinert bufellesskap og dagsenter for vanskelegstilte barn frå fattige familiar vart også besøkt.  Her bur 8 barn permanent, medan om lag 20 barn er innom etter skuletid.  I Marijampole er det fleire slike bufellesskap, og felles for dei er at barna er omgjevne av omsorgspersonar som sørgjer for at dei får god mat, leksehjelp, hjelp med personleg hygiene og klede.  Det er også lagt til rette for mange ulike aktivitetar for barna i desse institusjonane.  Ein ungdomsklubb i sentrum av byen har vore fast innslag på julegåveturane dei senaste åra.  Lesja ungdomsråd har gjeve støtte til innkjøp av utstyr til denne ungdomsklubben. Marie Vognild og Therese Nyøygard frå Lesja ungdomsråd deltok på turen og fekk oppleve mykje spennande. I tillegg til institusjonsbesøk, hadde dei mellom anna samtale med fleire representantar frå ungdomsrådet i Marijampole, der dei fekk utveksla erfaringar, tankar og idear om ungdomsrådsarbeid. Det blir sett pris på og lagt merke til at ungdom er engasjerte i Julegåveaksjonen.

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent
Mobil 900 95 301
Sonja Gitte Mathisen
Kulturkonsulent
Mobil 975 19 607
Mariann Skotte
Ordførar
Telefon 61 24 41 10
Mobil 909 47 244