Invitasjon til alle frivillige lag i Lesja - i samband med kronprinsparets besøk den 17. september.

Dugnad og frivillig arbeid er det vi kjem til å sette fokus på denne dagen:

Sjå tidlegare pressemelding her

Klikk for stort bilde

Med dette som bakgrunn vil ordføraren invitere ein representant frå kvart frivillige lag i Lesja til eit dugnadsmåltid saman med Kronprinsen og Kronprinsessen. Det vil bli dekt langbord på tunet og servert morr, lefse og heimbrygga øl. Kronprinsparet vil på denne måten få nærare kjennskap til det dykk driv med - og kvifor frivilligheita er ein av bærebjelkane i Lesjasamfunnet.

Det er viktig å understreke at alle lesjinger er invitert til dugnad på bygdetunet denne dagen - og at alle som kjem dit får mat. Dette er ein invitasjon til å sitte ned saman med Kronprinsparet under måltidet denne dagen.

Slottet har ytra eit ynskje om at ungdom i stor grad blir involvert denne dagen. Det kan være lurt å tenkje over når det velges ut ein som skal representere laget/organiasjonen denne dagen.

 

Påmelding sendes til postmottak@lesja.kommune.no innan fredag 23. august 2019. Vi treng navn, alder, e-postadresse og tlf.nr. Slottet ynskjer å vite litt om bakgrunnen til den enkelte, så det er fint om dykk kan skrive eit par setninger om det.

Spørsmål kan rettes til kulturkonsulenten på 975 19 607