Informasjon - Grøne tiltak 2020

Det er igjen mogleg å søke om stønad til grøne prosjekt  i Lesjaverk, Lesjaskog og Bjorli området med bakgrunn i utbyggingsfonda til dei ulike hyttefelta. Det vert gjort tilsegn om midlar gjennom vedtak fatta i formannskapet kvart år. Utbyggarar, leiarar i hyttevelforeiningar, fritidsbustadforeiningar, Lesja Bjorli Løypelag, grendelag Bjorli, Rånå og Lesjaskog oppmodast til å søke.

I hyttefelt etter 2007 er det forhandla utbyggingsavtaler mellom Lesja kommune og utbyggaren der det er avsett pengar til investering av grøne fellestiltak som skal være opne for alle.

Grøne tiltak er til dømes: Gapahukar, leikeplassar, volleyballbaner, skiløyper, ski inn og ski ut løyper, skibru, tidlegsnøanlegg på bjorli etc., ofte i eller i nærleiken av dei ulike hyttefelta. For fritidsbustadane i Lesjaverk, Bjorli og Lesjaskog er område med grøn infrastruktur viktig for utbygginga.

Investering gjort med hjelp av utbyggingsmidlar har mellom anna vore fleire nye gapahukar, investeringar i skiløyper, skibru over Rauma, skilt, tidlegsnøanlegg med snøkanonar på Bjorli og lysløype med meir. Fleire av desse investeringane har også vore delfinansiert ved bruk av næringsfondmidlar  eller andre kommunale midlar.

Tiltaka må vere i tråd med planverket for det aktuelle området.

Dykk som hytteforeining, utbyggar, fritidsbustadforeining, grendelag, løypelag med fleire kan også koma med innspel til investeringar i nærleiken eller i hyttefelta som gjelde grøn infrastruktur.

Søknadsfrist 31.08.2020.

Ta gjerne kontakt

E-post til Sigurd Alme i Lesja kommune;
sigurd.alme@lesja.kommune.no eller postmottak@lesja.kommune.no

Kontakt

Sigurd Vie Alme
Plan- og miljørådgjevar
Telefon 948 75 433
Mobil 948 75 433