IDÉDUGNAD FOR LEVANDE LESJA

Klikk for stort bilde  Voss, Vang, Rauma har vist veg og no tek Lesja steget fullt ut: I haust byrjar arbeidet med å formidle historier, kvaliteter og fakta om levande og livskraftige Lesja – her og no treng vi bygdefolket si hjelp til å formidle kommunen si identitet.

Neste veke inviterer Lesja kommune og Levande Lesja til to idédugnadar. Målet er at så mange engasjerte og nysgjerrige bygdefolk som mogleg tek turen til desse opne folkemøta – og bidreg med innspel til korleis vi skal profilere bygda, kulturen og kommunen framover. Prosjektet er finansiert med utviklingsmidlar frå Fylkesmannen i Innlandet, og alt er no rigga for eit felles løft for å formidle Lesja sin fremste kvaliteter i tekst, bilete og grafisk design.

Idédugnadene vil bli halde på Lesjaskog skule tysdag 24.september og

kommunestyresalen på Lesja onsdag 25.september – begge dager kl 19.

 

Kontakt

Therese Gjersøe Hole
HOF-sjef
Mobil 906 68 712