Du er ein del av Noregs beredskap - er du førebudd?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppmodar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) alle til å vere budd på å klare seg sjølv i tre dagar. Denne veka får du ein brosjyre i posten med konkrete forslag til kva du bør ha i huset. Kva gjer du om strømmen vert borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, eller det ikkje er vatn i springen? Sjølv om Noreg er eit av verdas tryggaste land, og alt tyder på at vi også vil vere det i framtida, er det lurt å vere førebudd om noko uventa skulle skje.

DSB har, i samarbeid med Oslo kommune, lansert kampanjen "Du er en del av Norges beredskap" for å styrke bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga. Kampanjen gir konkrete råd om kva folk kan gjere for å førebu seg best mogleg om noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.

Dei grunnleggande behova som må dekkast dei første tre døgn av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. I brosjyra finn du konkrete forslag til kva du alltid bør ha i heimen. 

Ver budd!

DSB oppmodar deg til å tenke gjennom kva som kan skjer der du bur, korleis du og dei rundt deg kan bli ramma, og korleis de kan handtere det. Ver førebudd på at du og din familie skal klare dykk sjølv i minst tre dagar.

Kvifor kampanje no?

Undersøkingar syner at innbyggarane er lite førebudd på ei krise der mange mistar straum og vatn, eller om det skulle bli vanskeleg å få tak i naudsynte varer.

Noreg er eit svært trygt land, men også vi kan bli ramma av naturhendingar, ulykker, sabotasje, tekniske problem, terror, sikkerheitspolitisk krise eller krig. Sjølv om sannsynligheita for at du blir ramma er lav, er det lurt å vere førebudd. Ofte er det ikkje så mykje som skal til. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar.

Om samfunnet vert ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Dess fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss, dess betre rusta står vi som samfunn.