Hjelp oss med kartlegginga. Di attendemelding kan vere avgjerande for kva tid breibandet kjem fram til deg.
Lesja kommune har tidlegare kartlagt ønske om utbygging i heile kommunen i samband med regionale søknadar. No prøver vi å definere og avgrense delprosjekt og innhentar informasjon vi treng som grunnlag for søknad og/eller kunngjering.
I denne runda vil vi ha attendemelding frå alle som bur, har hytte eller verksemd med postadresse Bjorli.
Bruk det elektroniske skjemaet vårt og send inn ditt svar innan 10. desember.
Publisert av Vigdis Kristin Nedregård
Sist endret 18.11.2021 12.23