Biblioteket i koronatida

For å førebyggje spreiing av koronaviruset er biblioteka i Lesja stengde på ubestemt tid. Vi gjev beskjed om endringar. 

Frå 22. april opnar vi opp for at de kan bestille og levere bøker.
Utlån og innlevering: Onsdagar kl. 12-14 Torsdagar kl. 12-14

Nokre enkle køyrereglar:
Bestilte bøker kan hentast i yttergangen på skulane.
Innlevering av bøker på Lesja i innleveringsluka i veggen.
Innlevering av bøker på Lesjaskog i innleveringsskap i gangen.
De kan ikkje levere om kassa er full!

Innleverte bøker blir sette i karantene i 14 dagar før dei blir lånt ut på nytt. Det kan difor bli litt ventetid.
Utlån avtalast på førehand ved å ta kontakt med biblioteket på e-post, telefon eller på Facebook.
 

E-post: bibliotek@lesja.kommune.no  / bibliotek.lesjaskog@lesja.kommune.no
Tlf. nr: 47519720 / 47631058

Lenke til bokkatalogen:
https://lesja-fb.mikromarc.no/Mikromarc3/web/default.aspx…

Kontakt

Ann Kristin Leirmo
Bibliotekleiar
Mobil 475 19 720
Grethe Stavheim Mømb
Filialstyrar Lesjaskog bibliotek
Mobil 476 31 058