Besøksregistrering på kommunehuset

Vi har innført eit moderne besøksregistreringssystem der besøkande sjøl registrerer seg via ein terminal i ekspedisjonen.

Straks etter registrering blir det automatisk sendt ein SMS til den som ventar besøk om at gjesten har kome, og du vil bli kontakta eller henta.

Dersom du ikkje har avtale på førehand, kan du be om å få møte nokon som er tilstade, via same terminalen. 

Besøksregistrering sikrar

  • ei sikker og brukarvennleg registrering
  • anonymitet for besøkande 
  • at besøk blir varsla sjøl om det ikkje sit folk i ekspedisjonen når du kjem
  • at du blir møtt av ein saksbehandlar som er klar for besøk
  • at oppdaterte evakueringslister ved behov for rømming
  • at krav til personvern i h.h.t. GDPR blir ivaretatt

Klikk for stort bilde