Publisert 13.12.2017

Julegåveaksjonen 2017 vart gjennomført i perioden 20.11.-10.12.2017. I tillegg til tradisjonell «barn gir til barn-aksjon» var det  i år også mogleg å gje ei gåve gjennom Vipps.  På turen over til Marijampole hadde ungdomsrådsrepresentantane og Lesja kommune med seg om lag 250 julegåver, og bidraga til Vipps-kontoen vart heile 4 500 kr.  Både Marijampole kommune og Lesja kommune ynskjer å takke for alle gåvene!

Publisert 12.12.2017

 

Livsløpsstyret bestemte i møte 20. november at Lesja kommune sin kulturpris for 2017 tildeles Bjørg Nordset. Kulturprisutdelinga vil foregå i Lesja kulturhus laurdag den 13. januar kl. 16.00. Det kjem meir informasjon om programmet på nyåret.

Publisert 05.12.2017

Eigarar av jordbruksareal som ikkje driv jorda sjølv og som ikkje har skriftleg jordleiekontrakt med leietakar må levere slik avtale til kommunen for godkjenning innan 01.04.2017. Dette i medhald av Jordloven.

 

Publisert 04.12.2017

Hjelp oss med kartlegginga. Di attendemelding kan vere avgjerande for kva tid breibandet kjem fram til deg.

Publisert 29.11.2017

Det har vore tradisjon at barnehagebarn og skulebarn i Lesja har gjeve julegåver til barn i Marijampole - og no er julegåveaksjonen i gang for 2017. Det er også mogleg for andre å bidra. I år kan du Vippse ei julegåve til  138997, og det er allereie fleire som har nytta seg av dette tilbodet.  Siste frist for å levere gåver på skulane og i barnehagane er fredag 1. desember. 

Publisert 22.11.2017

Erland Kirkebøen Husom frå Nasjonalparkriket kjem for å halde kurs i digital marknadsføring. Kurset går over to kveldar, og deltakarane bør delta begge kveldane.
Stad: I utgangspunktet tenkjer vi ein kveld på Lesja og ein kveld på Bjorli.
Måndag 8. januar kl 18 - 21
Måndag 15. januar kl 18 - 21
Dette er eit nybegynnarkurs der vi arbeider frå grunnen av og lærer om ulike verktøy samt noko teori.
Deltakaravgift kr 500. Medlemmer i Nasjonalparkriket får sponsa si deltaking.

Påmelding: nordveggen.no

Publisert 10.11.2017

Lesja kommune ynskjer å gratulere Bjorli Fjellmat med svært anerkjennande kvalitetsmerking frå EU.  Det er produktet "Fenalår fra Norge" som no mottek den høgaste kvalitetsmerkinga i EU-systemet i høve til geografisk opphav (PGI).  Bjorli Fjellmat mottek utmerkinga offisielt i Paris tysdag 14. november. 

I september vann Avdem gardsysteri og Avdemsbue prisen "Årets Lokalmatgrûnder".  Bak kåringa står Næringsorganisasjonen Hanen, avisa Nationen og Norgesgruppen.

Begge tildelingane er med på å "setja Lesja på kartet" og å fremje lokalmatproduksjon i Lesja generelt.

 

Publisert 03.11.2017

1. november var siste frist for å spreie husdyrgjødsel før vinteren. Været har vore ustabilt den siste tida. Det har kome meire snø og regn enn værvarslingane tilsa. Nedbøren har ført til at jorda er metta av vatn. Gjødselvareforskrifta fortel at kommunen kan gje dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter fristen, men på grunn av dei klimatiske tilhøva og den metta jorda så skal det mykje til før kommunen gjev dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter 1. november. Vi rår til at dei som har for liten gjødsellagerkapasitet undersøkjer om det kan leigast lagerkapasitet hjå andre.  

Publisert 03.11.2017
Lesja sjukeheim

Forprosjekt Lesja Helsehus er laga av VSO consulting og vart lagt fram for byggekomiteen 2.11.17.

Publisert 26.10.2017

Fylkeskommunen gir også i år tilskot til investering i anlegg eller utstyr i forbindelse med idrettsarrangement.