Digital postkasse for alle innbyggjarar

Lesja kommune nyttar SvarUT slik at kan få elektronisk post på ein trygg og enkel måte. Her er litt informasjon om korleis teneste verkar, og korleis du opprettar eiga postkasse dersom du ikkje har gjort det enno.

Innbyggjarar i Noreg kan no motta post frå det offentlege digitalt. Løysinga heiter Sikker Digital Post (SDP). 

Digital postkasse - hva får duÅ motta post digitalt er trygt og enkelt. Du kan sjølv velje kor lenge brev skal lagrast i di digitale postkasse, og treng ikkje lenger varsle når du dreg bort. Når du velgjer digital post sparer du miljøet, og bidreg til at det offentlege brukar mindre pengar på papir og porto.

I tillegg er løysinga mykje sikrare enn vanleg post som ligg i kassa di ved vegen, open for alle. Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende digitale meldingar på. Skal du kunne motta viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse.

Opprettar du ei digital postkasse, vil stat og kommune sende deg post digitalt. Du kan velgje mellom to postkasser, anten Digipost eller e-Boks. Det er gratis å opprette og bruke postkassen

Lesja og dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen jobbar med løysingar som vi tek i bruk i år og i 2016 for utsending av brev, informasjon og anna som vi i dag sender som vanleg brev.

Når du får ny post, får du varsel på sms eller e-post. Du kan også laste ned app frå Digipost eller e-Boks for enkelt å lese post på mobil eller nettbrett.

Det er viktig at du som mottakar oppretter di eiga postkasse. Følg lenka og du får meir informasjon.