Klarlegging/retting av eksisterande grense

Det skal i alle former for klarlegging av grense, også der det er ei rein utstikking i samsvar med tidlegare oppmålingsforretning (målebrev eller liknande), haldast oppmålingsforretning.

Kommunen kan krevje at partane bekreftar klarlegginga. Dette gjeld både klarlegging som eige forretning, og klarlegging i samband med andre sakstyper, jf. matrikkellova §§ 17 og 33.

Kven kan søke/krevje klarlegging av eksisterande grenser?

Føljande kan krevje klarlegging av eksisterande grenser utført som særskilt forretning:

  • den som har grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga, eller
  • staten, fylkeskommune eller kommune.

Lovverk:

Krav om klarlegging av eksisterande grense må innehalde
Kravet må fremjast skriftleg overfor kommunen. Kravet må være underteikna av alle som er eigarar eller som er tilkjent eigarrettigheiter til dei berørte eigedommane. Firmaattest av nyare dato krevst vedlagt søknaden i dei tilfelle der søkjar er eit firma.

 

Skjema

Obligatorisk

Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning.

rekvisisjon-oppmåling

 

JA

Kart, Situasjonsplan

Kommunale kart

JA

Kontaktinformasjon på ansvarleg for saken (tlf., e-post)

 

JA

Faktureringsadresse

 

JA

Eventuelt andre vedlegg

 

 

 

Saksgang

Trinn 1 - Enkel gjennomgang av saken

Er det manglar eller feil i saken blir rekvirenten orientert om dette. Treng søknaden behandling/uttale frå andre offentlege instansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse.

Trinn 2  – Oppmålingsforretning (matrikkelloven)

Ved klarlegging av eksisterande grenser vil typisk forretningstype A nyttast (sjå skjema for søknad og deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning). Når løyve blir gjeve og eventuelle vilkår for løyvet er oppfylt, vil kommunen automatisk sende ut innkalling til oppmålingsforretning så raskt det let seg gjere. Heimelshavar og eigarane til tilstøytande/berørte eigedommar blir varsla om når oppmålingsforretninga vil finne stad

Oppmålingsforretning

 

Trinn 3 - Matrikkelbrev

Når den nye eiendommen (matrikkeleininga) er tinglyst, blir relevant informasjon/matrikkelbrev sendt til berørte partar/rekvirent.

Gebyr

Kommunale gebyr:

Klarlegging av eksisterende grenser skal ikkje tinglysast.

Gjeldande gebyrregulativ på det tidspunktet saken registrerast i kommunen. Sjå gjeldande gebyrregulativ

Kontakt

Sine Gustavsen
Ingeniør
Telefon 61 24 41 26
Mobil 909 23 972

Opningstider

Alle kvardagar frå 08:00 til 15:30