Saksgang

Trinn 1 - Enkel gjennomgang av saken

Er det manglar i saken, blir rekvirenten orientert om dette. Om søknaden treng behandling/uttale frå andre offentlege instansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse. Blir det søkt om frådeling frå ein landbrukseigedom må søknaden også behandlast av landbruksmyndigheitene i samsvar med jordloven § 12.

Føljande vilkår må vera oppfylt

  • Ei frådeling må vera i samsvar med gjeldande arealplan. Alternativt må den først behandlast etter jordloven (utløyser eige gebyr)
  • Ny byggetomt må vera sikra lovleg tilkomst og avkjørsel frå offentleg veg.
  • Ny byggetomt må være sikret lovlig vann- og avløpsløysingar.

Trinn 2 - Vedtak etter plan- og bygningsloven/jordloven

Vedtak om arealoverføring blir fatta med heimel i plan- og bygningsloven der eit løyve må gjevast slik at vilkår i matrikkelforskriften § 33 blir teke i vare. Vedtaket blir stila til rekvirent av saken med kopi til eventuelle partar som har hatt iinnvending til søknaden.

Søknad om deling som er i strid med gjeldane planverk må i dei fleste tilfeller fyrst behandlast etter jordloven, og utløyser eige gebyr.

Trinn 3 – Oppmålingsforretning (matrikkelloven)

Korleis gjennomføring av oppmålingsforretning vil gå føre seg avheng av kva alternativ rekvirenten har bede om i punkt III under rekvisisjon av oppmålingsforretning. Er alternativ A vald vil kommunen automatisk sende ut innkalling til oppmålingsforretning så raskt det let seg gjera etter at vedtaket er fatta. Ved val av alternativ B vil ikkje kommunen sende ut innkalling til slik forretning før søkjar har sendt inn nye rekvisisjon av oppmålingsforretning (innen 3 år etter at vedtaket etter PBL er fatta). Har rekvirenten fått godkjenning av kommune om matrikulering med utsatt oppmålingsforetning, alternativ C, vil kommunen sende ut innkalling til oppmålingsforretning innan den avtala fristen (maks 3 år).

Oppmålingsforretning (link til orientering om korleis oppmålingsforretning utførast)

 

Trinn 4 - Matrikkelbrev

Når den nye eigedommen (matrikkeleininga) er tinglyst, sendast relevant informasjon/matrikkelbrev berørte partar/rekvirent.