Gjennomføring av oppmålingsforretning

Oppmålingsforretning er påkrevd ved føljande sakstyper:

  • Frådeling (oppretting av grunneigedom, festegrunn, anleggseigedom)
  • Arealoverføring
  • Klarlegging av eksisterande grenser

     

Gjennomføring av oppmålingsforretning

Korleis gjennomføring av oppmålingsforretningen vil foregå avheng av kva alternativ rekvirenten har bede om i punkt III under rekvisisjon av oppmålingsforretning. Om alternativ A er valgt vil kommunen automatisk sende ut innkalling til oppmålingsforretning så raskt det let seg gjere etter at vedtaket er fatta. Ved valg av alternativ B vil ikkje kommunen sende ut innkalling til slik forretning før søker har sendt inn ny rekvisisjon av oppmålingsforretning (innan 3 år etter at vedtaket etter PBL er fatta). Om rekvirenten har fått godkjenning av kommunen til matrikulering med utsett oppmålingsforetning, alternativ C, vil kommunen sende ut innkalling til oppmålingsforretninga innen den avtala fristen (maks 3 år).

Varsling om oppmålingsforretning

Når løyve til deling føreligg, rekvisisjon av oppmålingsforretning er motteke og eventuelle vilkår for delinga oppfylt, vil heimelshavar og berørte partar etterføljande bli  varsla om oppmålingsforretning.

Oppmålingsforretning

Ved oppmålingsforretninga  blir relevante påvises og oppmåles relevante grensepunkter til eigedommen(e)påvist og oppmålt. Kommunen er nøytral part og det er partane i saka som må bli einige om kvar grensa må gå. Det blir ført protokoll over oppmålingsforretninga der det framgår kven som møtte, om det var einigheit/ueinigheit i påviste grenser og eventuelt andre tilhøve som kom opp under oppmålingsforretninga. Protokoll blir underskrive av partar som møtte på oppmålingsforretning anten personleg eller via fullmakt.

Eigedommen blir ført inn i matrikkelen og tinglyst

Endringar i eigedomsgrenser blir ført i matrikkelen. Når faktura er betalt blir saka oversendt til Statens kartverk for tinglysing saman med evt. nødvendige erklæringar.

Kontakt

Sine Gustavsen
Ingeniør
Telefon 61 24 41 26
Mobil 909 23 972