Sal, skjenking og servering

Ynskjer du å drive føretak med sal av alkoholhaldig drikk eller å drive serveringsverksemd, treng du løyve.

 
Serveringsløyve Alle som skal servere mat som skal nytast på staden
Salsløyve Føretak som skal selge alkohol gruppe 1
Skjenkeløyve Alle som skal skjenke alkohol som skal drikkast på staden, dvs. restaurantar, pubar ol. For å få skjenkeløyve må du også ha serveringsløyve

Ambulerande skjenkeløyve/ skjenkeløyve ved enkelthøve

Løyve i til skjenking i slutta lag eller skjenkeløyve for eit bestemt arrangement eller ei bestemt tid på året

 

Nødvendige prøver


Etablerarprøve for styrar av serveringsstad - nødvendig for dagleg leiar av serveringsstad.

Kunnskapsprøve i alkohollova - nødvendig for styrar og "stedfortreder" på serveringsstad med skjenkerett og styrar og "stedfortreder" i føretak med løyve for sal av alkohol.
 

For å drive serveringsvirksomhet må du ha bestått etablererprøven. Du kan lese meir om etablererprøven for serveringsvirksomhet her.

Kontakt

Åse Amundgård
Arkivleiar
Telefon 61 24 41 07