Kommunalt tilskott til næringsformål - utlysing av midlar

Lesja kommune har i sitt driftsbudsjett for 2017 foreslått satt av 350 000 kr som tilskott til næringsformål, som blir disponert av Forvaltningsstyret på bakgrunn av innkomne saker.

Formålet med tilskottet er å vidareutvikle eksisterande og å skape nye arbeidsplassar i Lesja kommune.

Tilskottet blir tildelt i form av etableringstilskott til nye bedrifter og i form av investeringstilskott til eksistarende bedrifter.

Det blir ikkje gjeve støtte til verksemd som mottek betydeleg overføringar over statsbudsjettet. Gjeld særleg for tradisjonell landbruk. Det blir ikkje gjeve støtte til prosjekt som er påbegynt.

Krav til søkaren: det krevst at minimum 20% av kapitalbehovet er eigenkapital. Samla støtte frå staten i ein søknad bør  ikkje overstige 50% av kapitalbehovet.

Søknadsfrist 15.mars 2017.